22 februar 2011

Meldeplikt til brannvesenet om arrangement

Den som er ansvarleg for festivalar og andre store arrangement, skal i god tid i førevegen melda frå til brannvesenet i kommunen. Det gjeld dersom arrangementet skal avholdast i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje  nyttast til slike formål.

I forbindelse med meldinga må det føreliggja dokumentasjon som visar korleis sikkerheita skal ivaretakast, og skjema ”Melding til brannvesenet om arrangement” skal difor utfyllast, og sendast inn til brannvesenet.

Kommunen kan krevja dei opplysningane som er naudsynte for å vurdere fara for brann. Det kan også fastsetja naudsynte brannsikringstiltak  og begrensningar, herunder krav til ansvarshavande arrangør.

Melding må sendast i god tid før arrangementet, bl.a fordi nokon sakar kan falle inn under plan og bygningslovas bestemmingar. Dette gjeld spesielt der bygningsikkerheita ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, og/eller føresetnadane for bruk av bygning blir  vesentleg endra som følgje av arrangementet.


Lovgrunnlag
Brann og eksplosjonsvernlova §7 -1


Kontakt
Brannsjef Atle Festervoll  Telefon 9598 9941 
Brannispektør Unni Merete Lund  telefon 97641665