22 februar 2011

Oppbevaring brannfarleg stoff

Nytt regelverk for håndtering av brannfarleg, reaksjonfarleg og trykksett stoff.

·        Forskrift 27. feb. 2004 om brannfarlig eller trykksatt stoff
·        Forskrift 26. juni 2002 om brannfarlig vare
·        Forskrift 5. sept. 2000 om anlegg som leverer motordrivstoff (bensinstasjoner, marinaer o.l.)
·        Forskrift 24. feb. 2004 om transport av petroleum i rørledning over land

Tidlegare løyve for oppbevaring av brannfarleg vare (som var gjeve med hjemmel i dei  nå oppheva forskriftane) fell burt pr. 8. juni 2009 og ble erstatta av eit krav om at det skal sendast melding til DSB når det skal oppbevarast farleg stoff , i mengde lik eller større enn mengdane nemnt i forskriftens vedlegg 2, jfr. forskriftens § 12.
Kriteriane for klassifiseringa av dei farlege stoffa som skal meldast inn, og mengde går fram av vedlegg 1 og 2 til forskrifta.

 I dei tilfella der det tidligare er gjeve løyve til oppbevaring av farlig stoff i mengde mindre enn det som no er innslagpunktet for meldeplikt etter forskriftas vedlegg 2, vil løyve falle bort, utan at det vert etablert nokon meldeplikt etter § 12.
Brannvesenet gjer imidlertid oppmerksam på at alle øvrige bestemmelser i forskrifta gjeld for all oppbevaring av vare, uansett kvanta som blir oppbevara.






Meldegrense for einskilde vanlege stoff er:
Stoffgruppe
Mengde
Døme på stoff
Brannfarleg gass kategori 1 og 2
0,4 m3
LPG (propan, butan eller blandingar av desse)
Hydrogen
LNG (flytande naturgass)
Biogass
Acetylen
Brannfarleg væske kategori 1 og 2
6,0 m3
Metanol
Etanol
Bensin
Diesel og fyringsoljer
100,0 m3
Diesel, gassolje og lett fyringsolje
Giftig gass kategori 1, 2 og 3
0,4 m3
Klor
Ammoniakk
Svoveldioksid


Melde inn farleg stoff:          


Oppbevaring av farleg stoff: I bueining kan det oppbevarast inntil 55 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 10 liter brannfarleg væske kategori 1 og 2, sjå forskrift om håndtering av farleg stoff § 6 første ledd.

I garasje, i utvendig bod, båthus eller liknande kan det for personleg bruk oppbevarast inntil 90 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 50 liter brannfarleg væske kategori 1 og 2, sjå § 6 anna ledd.

I serveringsstad, i overnattingsstad og i forsamlingslokale er det ikkje tillat å oppbevare brannfarleg gass kategori 1 og 2, utan at særskilde tiltak er satt i verk, sjå § 6 tredje ledd.

Varsling av ulykker: Verksemder skal med ein gong varsle DSB om større ulukker i samband med handtering av farleg stoff, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 20 første ledd. Slik varsling bør skje telefonisk. Føremålet er å gje DSB nok kunnskap om hendinga til å kunne gje korrekt informasjon til det ålmenne folk, media, overordna styresmakt mv.


Innmelding av uhell: Uhell og ulukker i samband med handtering av farleg stoff skal rapporterast til DSB. Slik rapportering skal no skje elektronisk.