24 mai 2018

Forbod mot brenning av bål

Brannøvelse 1 - Klikk for stort bildeDet er stor fare for skogbrann i Ottadalen. I kommunane i Ottadalen er det ikkje lov å lage bål. Metrologisk institutt meldar om spesielt stor brannfare på Østlandet.
Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot opptenning av bål i eller nær skog- og utmark over heile landet.
På grunn av det fine og varme været den siste tida, er forbodet utvida til å ikkje berre gjelde opptenning av bål i skog og mark. I Ottadalen tek brannvesenet grep. Vågå brannvesen, Lom og Skjåk brannvesen innførar totalforbod mot å gjere opp varme utandørs.
Det betyr at det ikkje er lov å grille, bruke bålpanne, eingongsgrill eller tenne bål. Du kan heller ikkje bruke eventuelle bålplassar i denne perioden.
Grilling i eigen hage er lov, så lenge du passar godt på.
Etter vêrvarslinga er det ikkje varsla nedbør dei første dagane. Brannfaren vil vere stor fram til det kjem nedbør over ei viss mengde.

Lom og Skjåk brannvesen: Brannsjef Atle Festervoll tlf 9598 9941
Vågå brannvesen:               Brannsjef Bjørn Tore Aspen  tlf 9134 6044