23 mai 2018

Totalforbod mot bruk av open eld

Det er stor fare for skogbrann i Ottadalen. Vågå brannvesen og Lom og Skjåk brannvesen innførar totalforbod mot å gjere opp varme utandørs. Vedtaket er gjort 23. mai
og gjeld inntil ny beskjed foreligg.
Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot opptenning av bål i eller nær skog- og utmark over heile landet.
På grunn av det fine og varme været den siste tida, er forbodet utvida til å ikkje berre gjelde opptenning av bål i skog og mark.
Det betyr at det ikkje er lov å grille, bruke bålpanne, eingongsgrill eller tenne bål. Du kan heller ikkje bruke eventuelle bålplassar i denne perioden.
Grilling i eigen hage er lov, så lenge du passar godt på.



Vedtaket som er gjort av brannsjefen 23. mai 2018:
Vedtak om forbod mot å gjere opp eld og open brenning
 
Grunna svært stor skogbrannfare og framleis meldt tørt og varmt, er det lagt ned totalforbod mot å gjere opp eld og andre formar for open brenning.  
Forbodet gjeld for følgjande:
  1. Alle typar open eld eller bål i eller i nærleiken av skog og anna vegetasjon. Dette inkluderer også bruk av eingongsgrill og bål panne.
  2. Alle typar av open brenning av kvist, halm, trevirke og anna virke i landbruket, anna næring eller hos private.
  Forbudet er gjeldande for heile kommunane Lom og Skjåk, gjeld inntil det blir oppheva.
 Forbodet gjeld med umiddelbar verknad.  

Vedtaket er fatta med heimel i Forskrift om brannforebygging §3, samt Brann- og eksplosjonsvernloven §37.

Andre typar aktivitetar og arbeid som indirekte kan forårsake brann kan gjennomførast om det etter nøye risikovurdering er funne forsvarleg, samt at det blir gjort naudsynte brannførebyggjande tiltak og at sløkkemiddel finst tilgjengeleg. Dette gjeld tiltak som:
  1. Motorisert aktivitet i skogbruket
  2. Kantslått
  3. Bruk av skytebaner