02 april 2020

Branntryggleik på hytta i påska




Sjølv i desse Koronatidar vil eindel kunna nytta hyttar i fjellet. Mange stadar er det mykje snø, og ein må difor vera god førebudd og spesielt sikta at ein har gode rømmingsvegar ved hytta. Fjern snø framfor dør og vindauga, og sjekk at desse er lette å opne.
Ellers er det viktig å sjekke at røykvarslarar fungerar og at sløkkeutstyret er på plass.
Brukar du gass, må utstyret kontrollerast før bruk.

Røykvarslar
Alle hyttar må ha miinst ein fungarande røykvarslar, men ofte kan det vera behov for fleire. Du må høyre varsel om brann på alle soverom.
Hugs å ta med nytt batteri til røykvarslaren!!!

Sløkkeutstyr
Det må vera håndsløkkeapparat eller brannslange montert i hytta. Sjå at desse er i orden..

Kontroller gassen
Brukar du gass på hytta, må utstyret kontrollerast  med jamne mellomrom.
Særleg utsett er brennare som er plassert nær golvet. Spesielt må ein sjekka at luftinntaket ved dysa er fri for støv. Dårleg forbrenning kan føre til kullosforgifting og kveling.
Før gassapparatet blir teke i bruk, bør ein også sjekka at slangar og koblingar er tette. Ein god regel er å byta ut slangane anna kvart år. Slangane som blir brukt må vera berekna for gass.
Kontroller at regulatoren er festa skikkeleg til propanflaska.

Redde, varsle og sløkke
Ved brann er det viktigaste å sørgja for at alle kjem seg vel ut av hytta. Dersom brannen ikkje er for står kan du prøve å sløkke sjølv, men utan å utsetja deg sjølv eller andre for stor fare.

Nødplakat
Mange hyttar manglar presise adressar, og redningsmannskap opplev stadig at folk i akutt nød ikkje klarar å beskrive godt nok kor dei befinn seg. Uriktig eller feil stedangivelse vil forsinke redningsmannskap, og kan få store konsekvensar.
På nettsida til Kartverket kan alle lage sin eigen nødplakat, som kan henge godt synleg på hytta.
Den inneheld geografsik posisjon, og GPS koordinatane kjem automatisk fram.