02 april 2020

IKKJE tenn bål eller brenn bråte!

Nå aukar fara for skog- og lyngbrann og ei unødig utrykking kan bli ei stor utfordring i denne spesielle tida. Den kan i verste fall sette heile beredskapen vår på spel
Trond BrendenIKKJE tenn bål eller brenn bråte!
Sjølv om det på mange stadar rundt om i distriktet fortsatt ligg mykje snø, så har våren kome for alvor i fleire område. Her blir det fort tørt i gras og skogbotn.

– 110-sentralen advarer difor mot å tenne bål eller brenne bråte der det ikkje ligg snø
Det generelle bålforbodet trer ikke i kraft før 15. April, men vi at gras- og skogbrannfara har kome tideigare enn vanleg. Den snøfattige vinteren mange plassar, gjer at det er ekstra tørt, med auka fare for skog- og lyngbrann, seier avdelingsleiar ved 110 Innlandet, Trond Brenden.
Coronaviruset fører til at brannvesen rundt om i Norge er svært sårbar om dagen.
Kvar einaste utrykking eksponerer det aktuelle mannskapet for smitte.
– Dersom ein eller flere av våre tilsette skulle bli sett ut av sykdom eller karantene, vil dette vera ei utfordring for brannvesenet. Dette må vi gjera alt for å unngå, seier Brenden.
Han oppfordrar alle til å tenkje seg ekstra godt om, og la vera å tenne bål eller brenne bråte.