Beredskap

Hovudmålsetjinga er å verne menneske, dyr, miljø og materielle verdiar mot brann, og at  skadane ikkje får utvikle seg etter innsats er i verksett i brann og andre ulykkestilfelle.



Tenesteinnhald
Beredskapsavdeling er organisert med 2 brannstasjonar. Både Lom og Skjåk brannstasjon har utstyr og kompetanse for innsats mot brannar og andre akutte hendingar
Bil for redning med spesialutstyr står i Skjåk, brannbil i Lom har utstyr for å takle trafikkulykke.

Lom og Skjåk Brannvesen  er organisert som et deltidsbrannvesen med 11 deltidsansatte brannkonstablar  på kvar stasjon. Av desse er 2 utrykkingsleiare.

Beredskapsavdeling vil fokusere på å ha øvingar med godt innhald med vektlegging av sikkerheit for eige mannskap og befal.

Øvingar
Alle brannmannskap skal ha 34 timar med øvingar i året.
Røykdykkarane skal ha 12 timar med øvingar i tillegg.


Kompetanse
Alle brannkonstablane har gjennomgått grunnkurs i brannvern, og 16 av mannskapa er røykdykkare.


Kontakt
Brannsjef: Atle Festervoll   Tlf.  9598 9941   



Lovgrunnlag