Tre gonger i månaden
byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Oppland. Nå står brannhøgtida for
døra att.
Brannvesenet i Oppland
rykka ut til 38 bustadbranner mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit
gjennomsnitt på over tre brannar kvar natt kvar einaste måned hele året
igjennom, berre i vårt fylke. Nå ber brannvesenet om at alle sjekker røykvarslaren ved inngangen til årets
mest brannfarlege månad.
- Når det brenn,er kvart
sekund avgjerande. Ein overlev ikkje lenge i ein bustad som raskt blir fyllt
opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidlig varsling for å redde seg sjølv
og dei man bur saman med.
Byt batteri i røykvarslaren
Alle bustadar skal ha
røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst éin varslar i kvar
etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når
døra mellom romma er lukka.
- Ein fungerande røykvarslar er vaken og
følger med, også når du søv. Sørg for å gå brannsesongen i møte med nye batteri,
og kontroller at du høyrar varslaren godt.
Desember og januar mest
brannfarleg
Desember og januar er
årets mest hektiske måneder for brannvesenet i Norge.
- Vi trekker innadørs, fyrer i
peisen, lager feit mat på komfyren, tender lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte
brannfarleg.
Lokale
arrangementer
I forhald til
Røykvarslardagen 2019, blir Lom og Skjåk brannvesen og eltilsyn blir å treffe
Coop Extra i Lom tysdag 3. desember kl. 11-14 og
på
Skjåk kjøpesenter v/ Power torsdag 5. desember kl 12-15
Her
blir det utdeling av kampanjemateriell, og anledning til å ta ein prat om
branntryggleik.
På roykvarslerdagen.no finn du
nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
Kontaktpersoner
lokalt:
Unni Merete Lund, branninspektør Lom og Skjåk brannvesen tlf 9598 9948
Fakta:
Totalt
har brannvesenet rykka ut 907
gonger til bustadbranner mellom kl 23 og kl 07 i løpet av 2018.
Antall bustadbrannar på
natt per fylke:
Fylke
|
Antall
|
Oslo
|
207
|
Trøndelag
|
75
|
Hordaland
|
69
|
Akershus
|
58
|
Rogaland
|
58
|
Vestfold
|
50
|
Vest-Agder
|
45
|
Nordland
|
43
|
Østfold
|
41
|
Oppland
|
38
|
Buskerud
|
36
|
Møre og Romsdal
|
35
|
Aust-Agder
|
34
|
Telemark
|
32
|
Finnmark
|
28
|
Hedmark
|
26
|
Troms
|
20
|
Sogn og Fjordane
|
12
|
Totalt
|
907
|
|
|