21 februar 2011

Røykvarslarar

Dei fleste har sikkert eit forhold til røykvarslarar frå før. Frå 1990 vart det påbod med røykvarslar i alle norske bustader, men dessverre er det fortsatt mange hus her i landet som ikkje har slik beskyttelse.
Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn § 2- 5

Undersøkingar visar at røykvarslarar reddar minst 10-20 liv kvart år i Noreg. For å være sikker på at røykvarslaren fungerer, pass på at den monterast riktig, og at den testast og vedlikehaldes jamnleg.

Vi anbefaler at du har minst ein røykvarslar i kvar etasje og ein for kvart soverom. Har du et stort hus bør du seriekopla røykvarslarane dine.

Ionisk eller optisk?
Det finnes to hovudtypar røykvarslarar på marknaden, ioniske og optiske. Forskjellen ligg i måten dei oppdagar røyk på. Svært forenkla kan man si at den ioniske røykvarslaren "lukter" røyk, mens den optiske røykvarslaren "ser" røyk. Vi anbefaler at man har begge typene, fordi de har ulik reaksjonstid på flammebrannar og ulmebrannar. Dersom du er usikker på om røykvarslaren din er ionisk eller optisk, sjå etter merket for radioaktivitet. Har den dette merket, er den ionisk. I det siste har det kome røykvarslarar på marknaden som kombinerer de to teknikkane. Det er ein god løysning.



Korleis virkar røykvarslararne?
Røykvarslarar bruker litt forskjellige metodar for å registrere røyk, men felles for dei er at de varslar deg med ein skarp pipetone dersom det kommer røyk inn i detektoren. Sidan røyken stort sett stig opp, er røykvarslaren din som er montert i taket oftast den første som merker at ein brann er i emning, og kan varsle deg før det er for seint.
Husk at i 95% av tilfella er det røyken som dreper!

Ioniske røykvarslarar er de vanlegste og billigaste. Dei kostar frå rundt hundre kroner og oppover. De reagerer på røyk- og gasspartiklar som kjem inn i det såkalla ionekammeret, og slik røyk treng ikkje være synleg. Det vil si at ioniske varslarar vil si ifrå om flammebrannar, altså brann kor det er ope flamme og lite røyk.

Optiske røykvarslarar reagerer ikkje på usynleg røyk, men 'ser' i staden røykpartiklar ved hjelp av ein lysstråle inne i detektoren. Når synlig røyk kommer i vegen for lysstrålen, utløysast alarmen. Dette betyr at optiske varslarar reagerer best på ulmebrannar, med mykje røyk og kanskje ikkje ope flamme til å begynne med. Vi minner igjen om at det er røyken som drep... Optiske varslarar er litt dyrare og ikkje fullt så vanlige, men like fullt har de sitt bruksområde. På kjøkkenet hender det ofte at en ionisk røykvarslar lager falsk alarm på grunn av steiking og liknande. Det same kan skje når vassdamp frå dusjen utløyser varslaren som heng rett utanfor. I slike rom er det best å bruke optiske røykvarslarar. Dei er flinkare til å skilje mellom falske og ekte alarmar, og slik unngår du å miste tilliten til røykvarslaren din, eller i verste fall å måtte kope den ut når du lagar mat.

Kjøp kun godkjende røykvarslararAlle røykvarslarar som vert seld i Noreg skal være typegodkjent av myndigheitene. Før du kjøper ein røykvarslar i butikken, bør du sjekke at den er merket med koden "DSB 235" og et tre- eller firesifra nummer (eldre røykvarslarar kan være merket "DBE").
Elles kan røykvarslarar kjøpast i sikkerheitsbutikkane og hjå forsikringselskapa..

Fleire røykvarslar anbefalastDersom bustaden din er stor eller består av fleire etasjar, bør du ha fleire røykvarslarar. Minstekravet er ein i kvar etasje, men vi det er anbefalt å ha ein i kvart soverom, og da spesielt i barneværelser. Det er slett ikkje nødvendig å ha røykvarslar i alle rom, men viss du har spesielle rom der brannfara er større enn vanlig kan det være greit med ein røykvarslar der også.

Røykvarslarane bør være kopla samen slik at de varslar samtidig. Alle i huset vil da bli varsla om brann i ein annen etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du anskaffa varslarar som er berekna for dette. Samankoplinga er enkel, så dette kan du gjøre sjølv.

Plassering
Plassering av røykvarslarar er svært viktig for kor raskt dei reagerer på røyk. Røykvarslarar skal monterast på høgste punkt i taket, og minimum 50 cm fra vegg. I fleiretasjes hus bør varslarane monterast nær trappane. Varslarane bør for øvrig monterast i rømningsvegane, for eksempel i gangar som knyttar fleire rom saman. Røykvarslarane skal kunne høyrast tydeleg frå alle soverom, sjølv når alle dører er lukka.

Vedlikehald
Røykvarslarar bør testast minst ein gang pr månad og kvar gang du har vært bortreist over lengre tid. Du kan bruke ein pinne eller liknande for å gjere det enklare å nå opp.
I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk. Du kan f.eks. blåse røyk frå ein fyrstikk eller et stearinlys mot røykvarslaren. Det finns også "røyk" på sprayboks og egne testrøykstikker, som du kan få kjøpt gjennom forhandlare av sikkerheitsutstyr.

Batteriet bør vanlegvis skiftast ein gang pr år.
Gjør det til ein vane å bytte batteri 1. desember kvart år - 1. desember er nemleg røykvarslarens dag. De fleste røykvarslarar lager korte og svake pip når batteriet begynner å bli dårlig. Du må da skifte batteri så snart som mogleg. Det finnes også såkalla '10-års-batterier' som er spesialutvikla for røykvarslarar, som kan være enklare å bruke for dei som har lett for å gløyma, men da er det desto viktigare å teste varslaren kvar månad!
Ein god løysning er å montere spesielle røykvarslarar som koplast til straumnettet.

På tide å skifte ut røykvarslarane?
Amerikanske studiar har vist at funksjonsevna kan være redusert med 30 prosent, når varslaren er ti år gammal. Har du røykvarslarar som er eldre enn ti år, bør du vurdere å bytte dei ut med nye.