21 februar 2011

Grillsikkerheit

Grilla mat betyr for dei fleste av oss sol og sommar. Men med det er også varme, eld og moglegheit for farlege situasjonar tilstade.
For å unngå ulykker bør utegrillen sjekkast, og sikkerheitsrutinane leggast på minne.




Gassgrill
Følg instruksjonen for regulatorkoplinga. Sjekk lekkasje i gasskoplinga eller leidningen, og eventuelt tilstopping, med jamne mellomrom.
Lukter du gass har du ein lekkasje. Gjer fylgjande:
1. Steng av gasstilførsel til apparatet.
2. Steng av eventuell open flamme.
3. Opne lokket.
4. Viss det framleis luktar gass, gå vekk frå grillen. Ring straks din gassleverandør eller brannvesenet.

Rengjer grillen grundig med jamne mellomrom.
Gassflaske med bulkar eller rust kan være farleg og bør sjekkast av forhandlar.
Kople aldri frå gassregulatoren eller andre gasskoplingar mens grillen er i bruk.

Oppbevar ALDRI ekstra gassflaske nær ein gassgrill.

Sjekk gass-slangen før sesongstart. Den kan på sikt tørke eller sprekke, men som regel behøver ein ikkje skifte den ut før etter tre-fem år (noen varer opp til 10 år).


Generelle grillregler:
· Plasser grillen trygt og stødig, med god avstand frå brennbart materiale
· Ha alltid ei bøtte med vann eller hageslange i nærheiten (evt. anna sløkkjeutstyr)
· Unngå flagrande kler og store ermer under grillinga
· Barn og husdyr skal aldri vera aleine ved ein tent grill
· Bruk tennbrikettar eller små mengder tennvæske ved opptenning.
Bruk ikkje tennvæske på varm grill.
· Brennande kull slokkes ved å legge lokket på grillen. Kast ikkje kullet før det er kaldt.
· Hold grillen under oppsyn, så lenge den er varm. Lyft aldri ein varm grill.
· Oska eller kullet skal være kald før den vert tømt på sikkert sted.
· Utegrillar skal berre benyttast ute