21 februar 2011

Melding om arrangement

Meldeplikt til brannvesenet i kommunen om arrangement


Den som er ansvarleg for festivalar og andre store arrangement, skal i god tid i førevegen melda frå til brannvesenet i kommunen. Det gjeld dersom arrangementet skal avholdast i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje nyttast til slike formål.


I forbindelse med meldinga må det føreliggja dokumentasjon som visar korleis sikkerheita skal ivaretakast, og skjema ”Melding til brannvesenet om arrangement” skal difor utfyllast, og sendast inn til brannvesenet.

Kommunen kan krevja dei opplysningane som er naudsynte for å vurdere fara for brann. Det kan også fastsetja naudsynte brannsikringstiltak og begrensningar, herunder krav til ansvarshavande arrangør.

Melding må sendast i god tid før arrangementet, bl.a fordi nokon sakar kan falle inn under plan og bygningslovas bestemmingar. Dette gjeld spesielt der bygningsikkerheita ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, og/eller føresetnadane for bruk av bygning blir vesentleg endra som følgje av arrangementet.

Last ned skjema her


Lovgrunnlag
Brann og eksplosjonsvernlova §7 -1


Kontakt
Brannsjef Atle festervoll 612 17021/ 9598 9941 epost: atle.festervoll@skjaak.kommune.no