23 august 2011

Brannvernveka 2011


Brannvernveka er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og If Skadeforsikring. Brannvernveka  blir markert i september kvar haust, vanlegvis i veke 38.
Over 200 kommunale og interkommunale brannvesen, det lokale el-tilsynet og Ifs lokalkontorar, deltek også i kampanjen. Heilt sida 2002 har vi hatt gleda av å invitere små og store ”brannvernare” til open dag på over 300 brannstasjonar over heile landet.
Det lokale engasjementet og oppslutninga frå publikum har auka frå år til år. I september 2009 var det anslagsvis ca 160.000 born og vaksne på besøk på 320 opne brannstasjonar frå Mandal i sør til Longyearbyen i nord. På brannstasjonane er det spennande og lærerike aktivitetar for ulike aldersgrupper.
Frå og med 2009 vart kampanjen utvida til også å omfatte bedriftar, institusjonar, skular, barnehagar og andre verksemder. For å gjera det til ei brannvernveke i ordets rette forstand, inviterer vi tusenvis av verksemder til å avhelde brannøving i løpet av Brannvernveka (uke 38). Også familiar og privatpersonar kan delta i det vi kallar "Nasjonal brannøvelse".
Det er ikkje tilfeldig at Brannvernuka blir arrangert om hausten. Da går oss inn i den årstida der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar kraftig. Folk treng ei  påminning om branntryggleik,  før vi skrur på varme og belysning, tenner levande lys og fyrar i omnen.

Maskoten til brannvernveka er reven Rask.  Reven Rask er både lur og kjapp, eigenskapar som er gode å ha viss det skulle byrja å brenna. Da gjeld det å gjera dei rette tinga i raskt og i riktig rekkefylgje. Difor har oss brannøvingar  som eit hovudtema for Brannvernuka.
All erfaring visar at det nytter å øve. Mange liv og store verdiar har blitt redda frå brann fordi de involverte var "drilla" på korleis  dei skulle opptre. Med Brannvernuka håper oss å inspirere til auka hyppigheit av og betre kvalitet på brannøvingar på arbeidsplassen, i barnehagen, skolen, institusjonar og ute i dei tusen heim.
Velkommen til open dag på brannstasjonen, og lykke til med brannøvinga.....

Brannstasjonane i Lom og Skjåk har open dag den 24. september 2011 frå kl. 10 -13.

Meir om Nasjonal brannøving....