22 desember 2011



Lom og Skjåk brannvesen
ynskjer alle ei god jul
og eit godt nyttår.





Desember er den tida på året med flest brannar.  Det er 2,5 - 3 gongar så mange dødsbrannar i juleveka, som elles i året. Typiske brannårsakar er gløymde grytar på komfyrern og uforsiktigheit med bruk av levande lys.

Julebrannane er i hovudsakleg knytt til vår aktivitet i huset. Mange av desse brannane kan ein difor unngå med gode rutinar.
Vi må passe på levande lys, grytar på komfyren og alt det elektriske som vi brukar.


Det handlar om å førebygge brann - Kosen skal vi sjølvsagt behalde.

Når ein veit at det det i gjennomsnitt tek mellom 3 - 7 minutt frå ein bustadbrann startar, til det er full overtenning., Viss ein søv skal ein vakne, reagere, og deretter syta for å koma seg ut av huset.
Det er viktig med røykvarslarne fungerar. Hugs å kontrollere desse, og evt. byte batteri.
Røykvarslaren oppdagar røyk og brann tidleg, og dermed auka sjanse for å koma trygt ut av huset.
Kvart sekund er viktig, om bustaden brenn!




Tips for å unngå brann:

Levande lys: Hald alltid levande lys under oppsikt.
Plasser i god avstand frå brennbart materiale.
Sørg for at levande lys står stødig.
Bruk aldri brennbare lysestakar og brennbare lysmansjettar. Telys må stå i egna telyshaldar.


Kjøkken:
Hald alltid oppsikt med ein komfyr som står på.

Elektrisk belysning:
Slå av julebelsyningen om natta, og når du ikkje er heime.

Bruk lyspærer med riktig spenning og wattstyrke.
Bruk belysninga for det den er berekna for, og følg alltid bruksanvisninga.

Vedfyring:

Fyr med tørr ved, og god trekk. Unngå bruk av brannfarleg væske ved opptenning.


Røykvarslar:
Test røykvarslaren. Bytt batteri om kvart år. Det anbefalast seriekobla røykvarslare i alle soverom og rom med stor risiko for brann (vaskerom ol.)
Varslar ein - varslar alle


SløkkeutsyrAlle bueingingar skal ha tilgjengeleg manuelt sløkkestyr, som kan brukast i alle rom. Dett skal vera lett tilgjengeleg om brann oppstår. Dette kan vera vatn, pulver eller skum
Brannteppe og sløkkeskum på boks kan  i mange tilfelle vera gode tillegg, for å sløkke ein brann i tidleg fase.


Brannøving
Forestill deg at det brenn, og finn ut kva du skal gjera. Har du gode nok rømmingsvegar? Veit alle i familen kva dei skal gjera? Nødnummer til brannnvesen? Prat i gjennom korleis famileien skal opptre ved brann, og korleis alle skal reddast ut av bustaden. Møteplass ute?

Hugseregel ved brann:     Redde - Varsle - Sløkke