27 november 2019

38 utrykkingar til nattbrannar i Oppland - Pressemelding ang. Røykvarslardagen 2019


Tre gonger i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Oppland. Nå står brannhøgtida for døra att.

Brannvesenet i Oppland rykka ut til 38 bustadbranner mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på over tre brannar kvar natt kvar einaste måned hele året igjennom, berre i vårt fylke. Nå ber brannvesenet om at alle sjekker røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månad.

- Når det brenn,er kvart sekund avgjerande. Ein overlev ikkje lenge i ein bustad som raskt blir fyllt opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidlig varsling for å redde seg sjølv og dei man bur saman med.

Byt batteri i røykvarslaren
Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følger med, også når du søv. Sørg for å gå brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrar varslaren godt.

Desember og januar mest brannfarleg
Desember og januar er årets mest hektiske måneder for brannvesenet i Norge.

- Vi trekker innadørs, fyrer i peisen, lager feit mat på komfyren, tender lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg.

Lokale arrangementer
I forhald til Røykvarslardagen 2019, blir Lom og Skjåk brannvesen og eltilsyn blir å treffe Coop Extra i Lom tysdag 3. desember kl. 11-14 og
på Skjåk kjøpesenter v/ Power torsdag 5. desember kl 12-15
Her blir det utdeling av kampanjemateriell, og anledning til å ta ein prat om branntryggleik.


På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersoner lokalt:
Unni Merete Lund, branninspektør Lom og Skjåk brannvesen  tlf 9598 9948



Fakta:
Totalt har brannvesenet rykka ut 907 gonger til bustadbranner mellom kl 23 og kl 07 i løpet av 2018.

Antall bustadbrannar på natt per fylke:
Fylke
Antall
Oslo
207
Trøndelag
75
Hordaland
69
Akershus
58
Rogaland
58
Vestfold
50
Vest-Agder
45
Nordland
43
Østfold
41
Oppland
38
Buskerud
36
Møre og Romsdal
35
Aust-Agder
34
Telemark
32
Finnmark
28
Hedmark
26
Troms
20
Sogn og Fjordane
12
Totalt
907