25 september 2020

Alt vi kan om brann - Eldredagen 1. oktober

 Visste du at eldre er mykje meir utsett for å dø i brann? Torsdag 1. oktober er det FNs eldredag.
Bruk anledninga til å ta ein prat om branntryggleik med bestemor eller bestefar.

Høyrer mor din, eller bestemor di, røykvarslaren som pip i rommet ved sida av? Kva med bestefar, kjemr han seg ut i en naudsituasjon viss han ikkje kan bruke utgangsdøra? 

Nedsett hørsel og dårleg mobilitet kjem med alderen. Det gjer eldre menneske særleg utsett ved brann. Faktisk har personar over 70 år heile fire til fem gongar høgare risiko for å omkoma i brann sammenlikna med resten av befolkninga.

 FNs eldredag 1. oktober er ein fin anledning for pårørande og andre til ein prat med ein eldre slektning eller bekjent om branntryggleik. Prat om kva slags brannfeller som finns i heimen,kva som kan gjerast for betra branntryggleiken og kva ein skal gjera viss uhellet er ute. Komfyren er den desidert største årsaken til bustadbrann. Det er fort gjort å gløyme eller sovne frå ein kjele på kokeplata. Snakk gjerne om viktigheita av å vera til stede når man lagar mat.

Andre tips til hva døkk kan snakke om er: trygg bruk av elektriske produkt, varsling og rømmingsvegar, sløkking av brann og levande lys og røyking.

 

Som pårørande eller nabo kan du sjekke at røykvarslar og brannsløkker er på plass og fungerar. Du kan installere ein komfyrvakt – som ger at komfyren slår seg av når det oppstår farlege situasjoner. Du kan rengjera filteret i kjøkkenvifta over komfyren. Og du kan passe på at gardiner, dukar, avisar og møbler er i god avstand fra panelomnar.

 Les meir på sikkerhverdag.no