13 august 2018

Totalforbodet mot open brenning oppheva

Frå og med fredag 10. august, er totalforbodet mot å gjere opp eld og open brenning oppheva i Skjåk.

På grunn av ein del nedbør i det siste og lågare nattetemperatur, er skogbrannfaren redusert. Vi vil likevel minne om det generelle bålforbodet som gjeld i Norge i tidsrommet 15. april til 15. september. Dette inneber at det framleis er forbode å gjere opp eld i og i nærleiken av skog og anna utmark. Det er lov å gjere opp bål på tilrettelagte plassar og stader som utan tvil ikkje kan medføre brannfare. Hugs at det er du som tennar bålet som også er ansvarleg.