Hovudmålsetjinga er å verne menneske, dyr, miljø og materielle verdiar mot brann, og at skadane ikkje får utvikle seg etter innsats er i verksett i brann og andre ulykkestilfelle.
Tenesteinnhald
Beredskapsavdeling er organisert med 2 brannstasjonar. Både Lom og Skjåk brannstasjon har utstyr og kompetanse for innsats mot brannar og andre akutte hendingar
Bil for redning med spesialutstyr står i Skjåk, brannbil i Lom har utstyr for å takle trafikkulykke.
Lom og Skjåk Brannvesen er organisert som et deltidsbrannvesen med 11 deltidsansatte brannkonstablar på kvar stasjon. Av desse er 2 utrykkingsleiare.
Øvingar
Alle brannmannskap skal ha 34 timar med øvingar i året.
Røykdykkarane skal ha 12 timar med øvingar i tillegg.
Kompetanse
Alle brannkonstablane har gjennomgått grunnkurs i brannvern, og 16 av mannskapa er røykdykkare.
Kontakt
Lovgrunnlag