20 oktober 2011

Pipebrann

Statistikken visar at det årleg er mellom 2000 og 4000 pipebrannar i Noreg.
Av dei kommer rundt 60 - 70 ut av kontroll og blir spreidd til bygningen. (I tillegg er det nok en del pipebrannar som ikkje blir registrert.)



En pipebrann oppstår fordi sot frå dårleg forbrenning har festa seg i pipeløpet. Denne soten er svært brennbar og kan lett bli antent av open flamme eller høg temperatur frå eldstaden.

Årsaker til pipebrann
Noe som kan oppstå, er at det blir danna såkalla beksot / blanksot i skorstein. Beksot består av ein fuktig blanding av syrar og destillater som har oppstått under forbrennings- prosessen. Disse har størknet ved nedkjøling og framstår som et uønska og brannfarleg slaggprodukt.

Typisk er at flammane frå omnen når soten i skorsteinen som dermed varmes opp og tar fyr. Beksot er lett å antenne. Avhengig av fuktmengde, vil det kunne antenne ved temperaturer ned mot ca 100°C. Dersom en slik brann oppstår, kan den utvikle temperaturer opptil 1200 - 1400°C. Dette kan føre til at det oppstår skade på omn og pipe. I verste fall kan brann i skorstein smitte over i bygningen og føre til brann i sjølve huset. Også lausot kan gje pipebrann, men denne vil da forløpe mindre dramatisk.
Feil fyring og rå ved er vanlege årsakar til at beksot og pipebrann oppstår. Men også andre forhald kan indirekte føre til problem. For store eldstedar i forhald til varmebehovet og feil montering av pipe / eldstad er tekniske årsakar til slike problem. Svært tette hus, gjerne kombinert med mekanisk ventilasjon er årsaker til fyringsproblem som man stadig oftare møter i nyare hus.



Kva kan gjerast for å forhindre pipebrann
Det er viktig å fyre riktig og at man ser til at alt er klargjort når feiaren kjem for å feie skorsteinen. Man bør høre med feieran om det er mye sot, eventuelt om det er beksot i skorsteinen. Beksot let seg ikkje fjerne berrre med vanleg feiing. Viss det er risiko for pipebrann, vil feietenesta gjeva råd om tiltak for fjerning av beksot og tilby fresing.


Skulle en pipebrann oppstå:

§       Ring brannvesenet. Om nødvendig, evakuer huset.
§       Steng dørane og trekkventilane til eldstaden.
§       Lukk dørar, vinduar og lufteventilar i rommet.
§       Kontroller at det ikkje ligg brennbare ting inntil pipa og at konstruksjon inntil pipa ikkje blir    overoppheita. 
OBS!! Dersom brannvesenet har lang utrykkingstid kan man forsøke å sløkke sjølv.
Bruk pulver, snø eller salt. IKKE VANN.

En pipebrann må takast alvorleg. Når beksot brenn sveller det og vollsomt. Dette kan føre til at skorsteinen blokeres og det oppstår opphoping av gasser i skorsteinen. Dette kan antenne eksplosjonsarta og føre til store skada på skorstein og eldstad, med stor fare for brannsmitte til bygning.

Kontroller skaden!

Etter en pipebrann, er det meget viktig at feietjenesten får kontrollert om skorstein er skada.