11 februar 2013

Branntryggleik på hytta

Vinterferien står for tur og brannvesenet vil minne om viktigheita av å ta branntryggleiken på alvor også på hytta. Det er påbudt med fungerande røykvarslar og sløkkemiddel på hytta, akkurat som heime.

Minst 40 000 hyttar i Noreg manglar røykvarslar, visar ny undersøking. 53 prosent av hytteeigarane tenkjer ikkje noko særleg over at fritidsbustaden kan bli ramma av brann eller naturskadar. Berre kvar sjuande fryktar dette, viser undersøkinga.


Brannvesenet rykkar ut til over 100 hyttebrannar kvart år. Mange hytter ligger utanfor allfarveg, noko som kan medføra lengre utrykningstid for brannvesenet til ei hytte enn til ein bustad. Det er difor viktig å ta branntryggleiken på alvor.


Bakgrunn:
      - Verdiar for 270 millionar kroner gjekk tapt i hyttebrannar sist år.
      - Feil på, og feil bruk av pipe og eldstad er den klart vanligaste brannårsaka.
      - Handverksmessig eigeninnsats er normalt større på hytter enn i ordinære bustader. 
         Dette  kan gi større fare for brann           
      - Alle hytter skal ha minst ein fungerande røykvarslar, i tillegg til eit godkjend
         brannsløkkeapparat eller ein bustadbrannslange.
 

Sjekkliste for hytta:
§  Sjekk røykvarslar kvar gong ein tek hytta i bruk. Bytt batteri minimum ein  gong per år.
§  Kontroller at brannslange og/ eller brannsløkkeapparat er lett tilgjengeleg, og i orden.
§  Sørg for fri tilkomst til / og frå alle rømningsvegar. NB! Snø framfor vindauga og dører...
§  Sørg for at fyringsanlegget er montert etter produsentens anvisninger og at skorsteinen er  intakt.  Hugs regelmsessig  feiing av skorstein.
§  Ikkje bruk peis/omn som tørkestativ.
§  Fyr med tørr ved og bruk gristfangar på peisen. Sørg for å handtera oskeavfall på ein  forsvarleg måte
§  Bruk levande lys berre under tilsyn.
§  Vær ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar regelmessig.
§  Har hytta innlagt strøm, kontroller at sikringsskap, ledningar og kontaktar er utan synlege skadar og varmgang.
§  Bruk flyttbare omnar berre under tilsyn.

Ha mobiltelefon lett tilgjengelig, slik at du kan ringe etter hjelp viss det oppstår en nødsituasjon. Sjekk mobildekninga og hugs nødnummeret til brannvesenet: 110



Brosjyre frå Norsk brannvernforeining her