10 april 2014

Hugs branntryggleiken i påska


Det fyrste du bør gjera ved ankomst til hytta, er å sjekke om
røykvarslarane fungerar og at sløkkeutstyret er på plass.
Brukar du gass, må utstyret kontrollerast før bruk.



Dei siste 10 åra har om lag 25 personar mista livet i brannar i hyttar og fritidsbustadar. Årleg rykkar brannvesenet ut til mellom100 og 150 hyttebrannar.


Røykvarslar
Røykvarslar er det viktigaste livreddande brannverntiltaket på hytta. Det er same krav til hytta, som heime.
Minst ein fungarande røykvarslar, men ofte kan det vera behov for fleire, slik at varsel om brann kan høyrast på alle soverom.
Hugs å ta med nytt batteri til røykvarslaren!!!

Sløkkeutstyr
Det skal vera anten håndsløkkeapparat eller brannslange montert. Sjå at desse er i orden..

Rømmingsvegar
Hugs å måke bort snø framfor dørar og vindaugar som er tenkt brukt  i tilfelle brann. Sjekk at rømmingsvegar er lette å opne.



Kontroller gassen
Dersom du brukar gass på hytta, må utstyret kontrolerast og rengjerast med jamne mellomrom.
Særleg utsett er erbrennare som er plassert nær golvet. Spesielt må ein sjekka at luftinntaket ved dysa er fri for støv. Dårleg forbrenning kan føre til kullosforgifting og kveling.
Før gassapparatet blir teke i bruk, bør ein også sjekka at slangar og koblingar er tette. Ein god regel er å byta ut slangane anna kvart år. Slangane som blir brukt må vera berkna for gass.
Kontroller at regulatoren er festa skikkeleg til propanflska.


Redde, varsle og sløkke
Ved brann er det viktigaste å sørgja for at alle kjem seg vel ut av hytta. Dersom brannen ikkje er for står kan du prøve å sløkke sjølv, men utan å utsetja deg sjølv eller andre for stor fare.


Nødplakat
Mange hyttar manglar presise adressar, og redningsmannskap opplev stadig at folk i akutt nød ikkje klarar å beskrive godt nok kor dei befinn seg. Uriktig eller feil stedangivelse vil forsinke redningsmannskap, og kan få store konsekvensar.
På nettsida til Statens kartverk kan alle lage sin eigen nødplakat, som kan henge godt synleg på hytta.
Den inneheld geografsik posisjon, og GPS koordinatane kjem automatisk fram.